fredag 29. april 2011

Tid for å hausta

Hei

Vel overstått påske. Eg var så heldig å få besøk av Maries , Brynhild og Marie i påsken. Me hadde ei fin veke med rundtur i nordlege del av Malawi. Maries fekk friska opp gamle venskap og helsa på hønene sine. Tida gjekk alfor fort, slik det gjerne er i godt selskap.




Det er haust og tid for å sanka inn sauene, men slike skapningar er det lite av her. Derimot er det mykje mais, og no står han fin og turr. Det har knapt regna på ein månad, og vermeldinga spår godver fram til november.

Derimot er det politisk uver for tida. President Bingu likte ikkje at den britiske ambssadøren kritiserte han og kalla han for autokrat. Han vart like godt utvist. Det spørst om det er så lurt. Storbritannia er største donornasjon til Malawi. Det vert spennande å sjå utvikling framover. Eg fryktar at presidenten har blitt vel mykje inspirert av sin kollega i Zimbabwe, men eg trur ikkje han får folk med seg slik Mugabe har gjort.





Berre tre veker til eg skal heimatt. Det gler eg meg til. Skal nett få med meg 17.mai her nede! Elles nok å gjera på jobben, same problem med mangel på infusjonsvæsker, tom blodbank, fulle avdelingar og aldri ajour med operasjonane.




De får ha det fint!  Lukke til med feiringa av 60 års jubilanten i Ullestadvegen! Der skulle eg gjerne ha vore. Kjem til å delta med fjernfeiring herifrå med MGT og Green!

lørdag 9. april 2011

Deja vu

Hei
Kjekt at de sender kommentarar til innlegga! Marie og Brynhild ser eg jo snart, når de kjem saman med Maries. Det gler eg meg til. Skøy at Gunnlaug og er inne og snugles på bloggen. Takk skal du ha!

I fjor måtte eg på pasientjakt etter ein som vart utskriven før planen. Vi hamna i same situasjon no. Dei pasientane vi opererer for beinbrot med margnagle, skal rapporterast i ein eigen database. Det gjer at vi får nye "reservedeler" gratis tilsendt frå donor organisasjon i USA. Han det galdt denne gongen, budde og ein stad der det var fleire landsbyar med same namn. Til all lukke fann Benyas og eg arbeidsgivaren hans i nærleiken av der han budde. Han viste oss vegen. Ein sers overraska pasient tok i mot oss i hytta. De såg vi på såret og sjekka at han meistra krykkegang. Vi fekk med oss røntgenbileta hans til dokumentasjon

Her ville Brynhild ha likt seg !       Heile stova var full av turka tobakksblad.

Benyasi fyller ut helsekortet til pasienten og gjer avtale om oppfølgjing på poliklinikken.
Meir   tobakk   til turk under mønet!





Nett som heime, er ikkje alle dagar like effektive. Det kan bli trøyttsam venting på Doctor's Office på operasjonsavdelinga innan pasienten er bedøvd.

Eg har alt vore her halve tida av den perioden eg har lovd meg for. Torer ikkje be om meir fri få Voss sjukehus. Satsar på at det kjem nokon etter meg .Vi er godt i gang med å utdanna malawiske kirurgar. I år skal vi opna for tre nye kandidatar- Då vil det bli tilsaman 11 i spesialistutdanning her og 12 i heile Malawi .
Ha det bra! Dette blir siste innlegg før eg får storfint påskebesøk frå Voss/Dalsøyra!

lørdag 2. april 2011

Utviklingsland - land i utvikling?

Hei
Veit ikkje om det er nokon som les dette utanom familie og nære pårørande, men det er godt nok for meg!
Sidan eg var her i fjor, har vel ikkje så mykje skjedd i dagleglivet. Straumen vert kopla ut med jamne mellomrom. Nett no er det bensinkrise att. Staten har ikkje framandvaluta til å betala for importen av drivstoff. Eksportvare nr. 1 er tobakk, og no kranglar dei om prisen. på vara. Bøndene demonstrerer mot dei låge prisane og mykje av tobakken vert ståande useld. Dermed vert det mindre pengar i statskassa og.
I tillegg ser det ut som presidenten vert meir og meir eineveldig. Det er streik blant universitetstilsette, fordi presidenten nektar dei fri talerett. Ein professor i filosofi ved Zomba, vart kalla inntil førhøyr etter at ho førelas om den fredelege revolusjonen i Egypt. Eit slikt emne kunne stimulera til opptøyer i Malawi, vart det sagt. Konflikten er heilt fastlåst. Statsbudsjettet til Malawi er ca 50% dekt av givarland, deriblant Noreg. Givarlanda held no støtte tilbake i protest mot den negative utviklinga i landet.




På vitjing på skulen i Kauma, som fleire av dykk har vore med å støtta. Borna har storefri og står i kø for lunsjmåltid.
Finn ein feil på biletet!


Eg bur  i same flotte huset som sist. No er eg sambuar med Marianne, jordmor frå Oslo og Michaela, gynekolog frå Munchen og Justin housekeeper, Maxwell, gartnar og familien hans+ elleve høns og to hanar.  Det er berre Maries  som manglar. Det er april og regntida er på det meste over. Det går mot haust og vinter, sjølv om temperaturen enno ikkje har kome under 20 grader.
Ho som eig huset, er ei myndig dame. På eitt av baderomma er det lekkasje, og golvflisene flyt oppå eit tynt lag av vatn. "Røyrleggjar" vart tilkalla. Han såg på skaden og diagnosen og behandlinga var raskt klar. Litt silikon langs badekaret vil gjera susen og resten vil turka opp av seg sjølv. Lett å vera handverkar her!
Ha det bra!



     PS  Ver snill med sjukepleiarar og jordmødre, sjølv om dei får si løn i himmelen!