fredag 29. april 2011

Tid for å hausta

Hei

Vel overstått påske. Eg var så heldig å få besøk av Maries , Brynhild og Marie i påsken. Me hadde ei fin veke med rundtur i nordlege del av Malawi. Maries fekk friska opp gamle venskap og helsa på hønene sine. Tida gjekk alfor fort, slik det gjerne er i godt selskap.




Det er haust og tid for å sanka inn sauene, men slike skapningar er det lite av her. Derimot er det mykje mais, og no står han fin og turr. Det har knapt regna på ein månad, og vermeldinga spår godver fram til november.

Derimot er det politisk uver for tida. President Bingu likte ikkje at den britiske ambssadøren kritiserte han og kalla han for autokrat. Han vart like godt utvist. Det spørst om det er så lurt. Storbritannia er største donornasjon til Malawi. Det vert spennande å sjå utvikling framover. Eg fryktar at presidenten har blitt vel mykje inspirert av sin kollega i Zimbabwe, men eg trur ikkje han får folk med seg slik Mugabe har gjort.





Berre tre veker til eg skal heimatt. Det gler eg meg til. Skal nett få med meg 17.mai her nede! Elles nok å gjera på jobben, same problem med mangel på infusjonsvæsker, tom blodbank, fulle avdelingar og aldri ajour med operasjonane.




De får ha det fint!  Lukke til med feiringa av 60 års jubilanten i Ullestadvegen! Der skulle eg gjerne ha vore. Kjem til å delta med fjernfeiring herifrå med MGT og Green!

lørdag 9. april 2011

Deja vu

Hei
Kjekt at de sender kommentarar til innlegga! Marie og Brynhild ser eg jo snart, når de kjem saman med Maries. Det gler eg meg til. Skøy at Gunnlaug og er inne og snugles på bloggen. Takk skal du ha!

I fjor måtte eg på pasientjakt etter ein som vart utskriven før planen. Vi hamna i same situasjon no. Dei pasientane vi opererer for beinbrot med margnagle, skal rapporterast i ein eigen database. Det gjer at vi får nye "reservedeler" gratis tilsendt frå donor organisasjon i USA. Han det galdt denne gongen, budde og ein stad der det var fleire landsbyar med same namn. Til all lukke fann Benyas og eg arbeidsgivaren hans i nærleiken av der han budde. Han viste oss vegen. Ein sers overraska pasient tok i mot oss i hytta. De såg vi på såret og sjekka at han meistra krykkegang. Vi fekk med oss røntgenbileta hans til dokumentasjon

Her ville Brynhild ha likt seg !       Heile stova var full av turka tobakksblad.

Benyasi fyller ut helsekortet til pasienten og gjer avtale om oppfølgjing på poliklinikken.
Meir   tobakk   til turk under mønet!





Nett som heime, er ikkje alle dagar like effektive. Det kan bli trøyttsam venting på Doctor's Office på operasjonsavdelinga innan pasienten er bedøvd.

Eg har alt vore her halve tida av den perioden eg har lovd meg for. Torer ikkje be om meir fri få Voss sjukehus. Satsar på at det kjem nokon etter meg .Vi er godt i gang med å utdanna malawiske kirurgar. I år skal vi opna for tre nye kandidatar- Då vil det bli tilsaman 11 i spesialistutdanning her og 12 i heile Malawi .
Ha det bra! Dette blir siste innlegg før eg får storfint påskebesøk frå Voss/Dalsøyra!

lørdag 2. april 2011

Utviklingsland - land i utvikling?

Hei
Veit ikkje om det er nokon som les dette utanom familie og nære pårørande, men det er godt nok for meg!
Sidan eg var her i fjor, har vel ikkje så mykje skjedd i dagleglivet. Straumen vert kopla ut med jamne mellomrom. Nett no er det bensinkrise att. Staten har ikkje framandvaluta til å betala for importen av drivstoff. Eksportvare nr. 1 er tobakk, og no kranglar dei om prisen. på vara. Bøndene demonstrerer mot dei låge prisane og mykje av tobakken vert ståande useld. Dermed vert det mindre pengar i statskassa og.
I tillegg ser det ut som presidenten vert meir og meir eineveldig. Det er streik blant universitetstilsette, fordi presidenten nektar dei fri talerett. Ein professor i filosofi ved Zomba, vart kalla inntil førhøyr etter at ho førelas om den fredelege revolusjonen i Egypt. Eit slikt emne kunne stimulera til opptøyer i Malawi, vart det sagt. Konflikten er heilt fastlåst. Statsbudsjettet til Malawi er ca 50% dekt av givarland, deriblant Noreg. Givarlanda held no støtte tilbake i protest mot den negative utviklinga i landet.




På vitjing på skulen i Kauma, som fleire av dykk har vore med å støtta. Borna har storefri og står i kø for lunsjmåltid.
Finn ein feil på biletet!


Eg bur  i same flotte huset som sist. No er eg sambuar med Marianne, jordmor frå Oslo og Michaela, gynekolog frå Munchen og Justin housekeeper, Maxwell, gartnar og familien hans+ elleve høns og to hanar.  Det er berre Maries  som manglar. Det er april og regntida er på det meste over. Det går mot haust og vinter, sjølv om temperaturen enno ikkje har kome under 20 grader.
Ho som eig huset, er ei myndig dame. På eitt av baderomma er det lekkasje, og golvflisene flyt oppå eit tynt lag av vatn. "Røyrleggjar" vart tilkalla. Han såg på skaden og diagnosen og behandlinga var raskt klar. Litt silikon langs badekaret vil gjera susen og resten vil turka opp av seg sjølv. Lett å vera handverkar her!
Ha det bra!



     PS  Ver snill med sjukepleiarar og jordmødre, sjølv om dei får si løn i himmelen!

søndag 27. mars 2011

Tilbake igjen!

Hei!

Sjølv om det ikkje var heilt planlagt å dra tilbake no, var det kjekt å vera tilbake i Lilongwe og Kamuzu Central Hospital. Eg har vore her tre veker alt. Det går mot slutten av regntida. Maisen står fin og tobakken er hausta inn. På KCH er mykje med det gamle. Trafikkskadene er like mange og fæle som før. Synes likevel det er mindre valdsskader no. Vi er så heldige at det no er tilsett ein ny ortoped . Han er frå Kongo og har utdanninga si frå Blantyre. Det er ein flink og triveleg kar. Håpar han finn seg til rette og blir verande her. Det har letta arbeidet mykje å vera to.

 Kirugisk handvask når det ikkje er vatn i springen. Ringer han brukast til meir en infusjon!


I går var eg i Blantyre på årsmøte i kirurgiforeningen i Malawi. Fire timars køyring kvar veg, men absolutt verdt turen. Utanom det faglege programmet, fekk eg sett landskampen i fotball mellom Malawi og Togo. Fullstappa stadion og heldigvis vann Malawi 1-0!



 Stemningsbilete frå kampen. Eg står i fjerde rekke, nr 314 frå venstre


Elles gler meg til Maries og to veninner kjem nedover på påsketur. Tor-tur programmet er alt klart!
Ha det bra!  

tirsdag 27. juli 2010

Onze laatste dagen.........


Hartelijk bedankt aan iedereen die met ons heeft meegeleefd, het is fijn om weer naar huis te kunnen gaan maar ik hoop dat we terug kunnen komen.




Kauma school

Vandaag zijn we naar Kauma school gegaan om te kijken wat ze hadden gekocht van het geld dat Mai, Tom en Lise hebben ingezameld. Hartelijk bedankt aan iedereen die een bijdragen heeft geleverd. Als er nu les wordt gegeven heeft ieder kind een boek dank zij jullie. Ik denk dat dit heel belangrijk voor Malawi is hun ontwinkeling begint in de school.
Ze hadden ook nog geld over om twee deuren te kopen zodat het niet meer tochten in de klas.



Kippen en kuikentjes 



Ik heb het grote geluk dat de kuikentjes uit het ei zijn gekomen net voor we naar huis gaan. Ze had 9 eieren en er zijn 9 kuikentjes uigekomen, ik ben zo trots als een pauw. Dit had mijn vader zeker niet verwacht, dat ik zo een goede kippeboer zou zijn. Eigenlijk heel jammer dat ik net nu naar huis ga.

Snipp,snapp, snute...

Gode vener
Dette blir det siste innlegget vårt på bloggen for denne gong. Vi reiser heimatt 29.juli, og gler oss sjølvsagt mykje  til det. Det er likevel vemodig å reisa herifrå. Vi har lært mykje og fått mange gode vener.
Maries har rukke å bli gudmor til 9 kjuklingar. Ho er stolt som ein h..



Vi var innom og tok farvel med skulen i Kauma. Det er den mange av dykk har sponsa med dykkar bidrag då Mai,Tom og Lise hadde innsamling på Tre Brør kafe. Skal seia dei pengane rakk til mykje. Skulebøker til alle elevane (før måtte mange dela på utslitne bøker), nye tallerknar og skåler til skulelunsjen. I tllegg samla de inn nok pengar til å skifta ut ei vindskeiv og øydelagt dør til klasserommet. Dei var utruleg takksame for gåvene.
Rektor James viser fram dei nyinnkjøpte bøkene og tallerknane.


I morgon er siste dagen min på KCH. I dag hadde eg min siste operasjon i denne omgang. Det var ein pasient med beinbrot i underarmen med stor feilstilling.  Fotballskade frå 6.juni!
Dersom det skulle vera nokre helsearbeidarar som les bloggen, så vil eg varmt tilrå eit opphald i Malawi. Det er stor mangel på alle slag fagfolk, og du blir garantert vel teken imot!




Zikomo kwambiri!





søndag 18. juli 2010

Kippen

Voor diegene die geinterreseerd zijn hoe het met mijn kippen gaat, wil ik vertellen dat de grijze kip op 9 eieren zit te broeden. Ik ben heel benieuwd of ik nog mee maak dat er kuikentjes komen. Ze broeden normaal 21 dagen en deze dag valt rond te tijd dat wij vertrekken.