Dette blir det siste innlegget vårt på bloggen for denne gong. Vi reiser heimatt 29.juli, og gler oss sjølvsagt mykje til det. Det er likevel vemodig å reisa herifrå. Vi har lært mykje og fått mange gode vener.
Maries har rukke å bli gudmor til 9 kjuklingar. Ho er stolt som ein h..
Rektor James viser fram dei nyinnkjøpte bøkene og tallerknane.
I morgon er siste dagen min på KCH. I dag hadde eg min siste operasjon i denne omgang. Det var ein pasient med beinbrot i underarmen med stor feilstilling. Fotballskade frå 6.juni!
Dersom det skulle vera nokre helsearbeidarar som les bloggen, så vil eg varmt tilrå eit opphald i Malawi. Det er stor mangel på alle slag fagfolk, og du blir garantert vel teken imot!
Zikomo kwambiri!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar