Det nærmar seg tida for retur til Noreg. Vi gler oss til å koma heim, men det er vemodig å dra herifrå. Kanskje vi får høve til å koma attende seinare?
Som de las i førre blogginlegg, har vi støtta ein skule for born i Kauma her i Lilongwe. Skulen har mange foreldrelause elevar. Drifta av skulen vert betalt av ei gruppe i Kristiansand. Maries og eg har løyvd pengar til sers naudsynleg oppussing.Dei er nett ferdige med å støypa nytt golv i det største klasserommet. Det vart riktig flott.
Slik såg golvet ut før start!
Mai, Tom og Lise har halde føredrag på Tre Brør kafe og samla inn kring 4000 kr. som og skal gå til skulen i Kauma.Det er eit fantastisk resultat! Takk til alle som var der og støtta!
For dei pengane skal dei kjøpa bøker til klassane,tallerknar og skeier og setja inn ei ny dør til klasserommet.Her får ein mykje for pengane!
De kan jo lura på kva styresmaktene gjer for å skaffa utdanning til born i Malawi, men det handlar om politikk og prioriteringar. Det kostar å halda ministrane med Mercedes'ar og.
Vemodig er det og å slutta på KCH. Prosjektet eg er ein del av utgår frå Senter for Internasjonalt Samarbeid i Helse Bergen. Det har vore støtta av den norske ambassaden til i år. Dei tykte ikkje det var noko å satsa på vidare, og vil ikkje løyva pengar ut over dette året. Det er sers skuffande. Vi har starta spesialistutdanning for kirurgar, og i år har vi opna for to nye kandidatar som vi skal støtta. Dei får då utdanninga i Malawi, med bindingstid her. Det må vel vera betre enn å senda lækjarane til Sør-Afrika eller Europa for kanskje aldri å koma tilbake til Malawi.
Til all lukke har direktøren og styret i Helse Bergen vedteke å støtta prosjektet vidare Det synes eg er utruleg positivt!
søndag 18. juli 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar