tirsdag 23. februar 2010

Fritid i Malawi


Gode vener!
Sjølv om det kan vera nokså travelt på sjukehuset, har me hatt fri om helgane. Sist helg drog me til Cape Maclear ved Lake Malawi. Der var me med Anne og Sven frå Bergen. Det er dei me for tida deler hus ( og delvis jobb) med. Dei har vore her eitt år tidlegare og er godt kjende. Det nyt me sjølvsagt godt av. Det var ei flott helg. Me bada i pisselunka Lake Malawi og prøvde å padla i uthola trestamme. Det er ein farkost dei nyttar til fiske. Det er rikeleg og sers god fisk i sjøen. Favoritten er Cambo, som ser ut som abbor.Kanoen var "idl" å manøvrera, men det gjekk på eit vis. I sjøen finst det desverre parasittar som kan gje skumle sjukdomar. Heldigvis er det lett å behandla med antibiotika, så me lyt vel ta ein kur seinare. Det tek litt tid før parasittane utviklar seg. Dei et seg gjennom hud og godgjer seg før neste steg. Desverre er det sers mange her som får kronisk leversvikt og blæresvulstar som følge av ubehandla sjukdom (Bilharzia). 


Under ser du korleis tobakkblad ser ut. Det er no tid for innhausting, og tobakk er viktigaste eksportartikkel for Malawi. Sjølv eg som ikkje røykjer, synes det luktar godt av dei!





Maten i Malawi er god. Her ser de ein av delikatessane: Maur steikt i sitt eige feitt. Me våga oss på ein maur kvar, men då var me fort mette. Resten fekk vår Housekeeper med seg heim til laurdagskosen.

søndag 21. februar 2010

Denne veka har eg jobba på
barneavd. ca. 150 barn.
I kvar seng låg det minst to barn.
(Ikkje søsken) Mødre sov under senga.
I tillegg hadde ho ofte også eit
anna barn med.
Dit is de
medicijnkast








Hier komen alle kinderen die
intra veneus vocht
 toegedient
krijgen.
Deze week een paar dagen op de kinder-
afdeling gewerkt.
Een grote zaal verdeeld in zeven grote vakken. In ieder vak stonden er 12 bedden, Totaal ca. 150 kinderen.In ieder bed lagen minstens twee kinderen.
De moeders sliepen onder het bed en vaker hadden ze er nog een ander broer of zusje erbij.

søndag 14. februar 2010

Dedza Mountain


Dedza ligg ca 80 km. sør for Lilongwe, så det er lett tilgjengeleg for ein dagstur.  Toppen ligg på 2198 m. og det er slak, fin stigning frå "bygda" på 1500 m. Det går an å juksa litt og, i det det går ein "stølsveg" eit stykke oppover. Langs vegen var det mange kvinner og born som bar enorme haugar med greiner og kvist til brensle. dei av dykk som ikkje skjønar nederlandsk fullgått, skal vita at det hender at kvinnene har så tung bør at dei knekkjer nakken. Det kan naturlegvis få katastrofale fylgjer.
I skogen var det mange bavianar (utanom oss) Frå toppen var det flott utsyn mot Lake Malawi og langt innover i Mozambique.
Vel heime att i Lilongwe kunne Sven og Anne by på engelsk Cottage Pie og kald øl. Visste de at Carlsberg har ein stor bryggerifilial i Malawi? Eg seier ikkje meir om skilnaden mellom rike europearar og den jamne Malawiar i denne omgangen.
Sommige mensen moesten even uitrusten 


Tor en ik hebben gisteren een mooie bergwandeling gemaakt naar de Dedza mountain. Hier kwamen we mensen tegen die hout in het bos verzamelde om te verkopen. Een arts had meegemaakt dat de mensen hun nek braken.Doordat ze struikelde en de last veel te zwaar was.

fredag 12. februar 2010

Doordat het regentijd is zijn de wegen heel erg slecht.  ik probeerde er een foto van te maken, maar wat je hier ziet is eigenlijk niets
Er zij ook veel vrijwilligers die de  hiv/aids pasienten bezoeken. Een keer in de week komen ze bij elkaar om te verpleegkundige te vertellen hoe het met hun pasienten gaat.
Hier zien jullie het huis van een pasient die we bezochten. Op sommige plaatsen konden we op de bank zitten.Op een plaats zaten we op een matje op de grond
 Deze week twee dagen meegelopen in een hiv/aids kliniek die Lighthouse heet. Dat was interresant
Ik had het geluk om een dag met hun mee te rijden toen ze de pasienten thuis verzorgden. Dat betekent dat ze gratis medijnen krijgen, en een mosquito net als ze die niet hadden. Nu in de regentijd hebben heel veel mensen malaria en dat kun je voorkomen door zo een net over je bed te spannen,Ook kregen de mensen een soort pap en een soort pindakaas met exstra voedings waarde  om aan te sterken.

torsdag 11. februar 2010

Godt og gale i Lilongwe


No har me snart vore her ein månad. Skal seie at tida går fort! Maries er snart ferdig med orientation round og kan byrja å jobba for alvor. Ho har alt lært seg litt av det lokale språket Chichewa. Eg held meg til dårleg engelsk. Måten folk snakkar engelsk på her, er litt uvand. Dei seier L i staden for R. Elles har eg lært eit ekte nyord. Verbet flash betyr at den som ringer deg, legg på før du får svart. Han eller ho forventardå at du ringer tilbake. Billeg for dei, og ikkje så dyrt for oss heller. Mobilnettet er ganske godt urbygd. Kontantkort får du kjøpt overalt, på gata og i dei mest bortgøymde landsbyar. Alle har mobiltelefon. Elles er eg litt lei av å måtta gå i minibank støtt og stadig. Det meste ein kan ta ut, er 20000 kkwacha, som tilsvarer 800 kr. Ofte er minibankane tomme også. Trur eg må skaffa meg ein god,gammaldags sjekkonto.maten her er god, sjølv om me ikkje heilt har lagt oss til vanen med Nsima til kvart måltid. Det er stappe av maismjøl.Utover dette , er favoritten maiskolbar hjå folk flest. Dei er no uroa over lite regn og dårlege avlingar. Det er faktisk reell fare for hungersnaud når regntida er over. Det største eksportproduktet frå Malawi er elles tobakk, og det kan ein jo ikkje bruka til føde. Avislesing kan vera ei fornøyeleg tidtrøyte. har nokon gjort noko gale, kjem fullt namn og bilete i avisa. Sjlvmord vert beskrive i detalj. Eit fyrstesideoppslag nyleg var om ein 19 åring som hadde drept ein gut på 15 år. Han hadde kappa av han dei såkalla personlege eignelutaror sal. Dette skulle han få 50000 MK for. Då han leverte det for sal, reagerte folk på den fæle lukta frå posen med "sakene" i. Gjerningsmannen la då på sprang, men vart seinare teken av politiet. I fylgje avisa, trengte han pengane til å liværa familien sin, og skulle kjøpa geiter for pengane.
eg høyrer rykte om at det snart er Vinter-OL i Vancouver. det er me ikkje mykje opptekne av her. Har ikkje fjernsyn, og avisene her er nok meir interesserte i lokale og engelske fotballresultat. Det er heilt greitt. Med temperaturar som heile døgnet er over 20 grader, kan skisport berre ha det så godt!
  

fredag 5. februar 2010

Helsing til Voss sjukehus

I dag vil eg gje ein stemningsrapport retta til gode kollegaer og (tidlegare?)medarbeidarar på Voss sjukehus. Å arbeida på KCH er nokså ulikt det en er vand med heime. Det er myyykje fleire pasientar, og mykje færre personale. Intensivavdelinga her har plass til 5-6 pasientar og heile sjukehuset har nærmare 1000 senger. Det gjer at sjølv pasientar som har hatt store operasjonar, ofte må gå rett på post etter prosedyren. På posten er det for det meste dei pårørande som passar på. Ei-to sjukepleiarar har ansvar for bortimot 100 pasientar. Kvar dag kjem det inn mange multitraumer, gjerne trafikkskadde eller valdsutsette. Knivstikk, innslåtte skallar, penumothorax og blødande øsofagusvaricer er dagleg kost. Opne frakturar er heller ikkje sjeldne. Femurfrakturar vert behandla med plasterstrekk inntil dei er grodd eller vi får operert dei med SIGN margnagle. Dette er eit genialt system, som vert gjeve gratis frå USA. Dei vert sett inn i sideleie utan strekkbord eller gjennomlysning. Det fungerer! Sjefen på kirurgisk avdeling er dr,. Muyco-opphaveleg frå Fillipinane og 83 år gammal. Han arbeider fulle dagar på operasjon og har ofte vakter.! Imponerande! De må berre ikkje tru de blir kvitt meg før 2040! Andre kirurgar er frå Kina, Tanzania, Cuba, Russland,USA og Voss. han frå Voss er forresten einaste ortoped i hovudstaden Lilongwe.
Det som til no har gjort sterkast inntrykk på meg er barneavdelinga. Den er overfylt med tildels svært sjuke born. Dei eg har ansvar for har stygge beinbrot eller infeksjonar av alle slag. Det er heller dårlege rutinar for sårskift og pussfylte bandasjar vert ikkje bytta.
Denne veka har mesteparten av operasjonsprogramma vorte avlyst. KCH og heile Malawi gjekk tom for Suxamethonium, slik at dei ikkje kunne gje anestesi. No har det visst ordna seg att..
Elles er det å seia at Malawi er eit fantastisk flott land. Hyggelege menneske og nydeleg natur. No er det regntid, men det er bagatellar mot regntida på Voss. Her finst naturparkar med alle stjernene av ville dyr som Afrika kan by på . Dersom leiinga tillet det, skal eg gjerne stå som teknisk arrangør av sjukehusets blåtur til Malawi.Tissepausen  kan vi ha i bungalowen vår.


tirsdag 2. februar 2010

A challenging condition in Malawi


Infectious diseases are very frequent in Malawi and Africa. This applies not only to typical tropical diseases, but   also infections like TBC and HIV/AIDS  are endemic in Malawi. Working as an orthopaedic surgeon you encounter many cases of neglected infections, leading to disastrous consequences for the patient
I present here a young patient who suffered from chronic pain in the thigh, with swelling  and discharge of pus from a small sinus. Experienced healthcarers will probably easily recognize the condition. In Norway we rarely see presentations like this. I operated the patient and removed the specimen you see on the picture.
What do you think it is?

mandag 1. februar 2010

Her er det like travelt som da
 vi hadde massevaksinering
på voss. Mødre var heller ikkje
 flink til å stå i kø
Eg har jobba to dagar på ein slags helsestasjon Her ser de vekta som dei bruker