søndag 14. februar 2010

Dedza Mountain


Dedza ligg ca 80 km. sør for Lilongwe, så det er lett tilgjengeleg for ein dagstur.  Toppen ligg på 2198 m. og det er slak, fin stigning frå "bygda" på 1500 m. Det går an å juksa litt og, i det det går ein "stølsveg" eit stykke oppover. Langs vegen var det mange kvinner og born som bar enorme haugar med greiner og kvist til brensle. dei av dykk som ikkje skjønar nederlandsk fullgått, skal vita at det hender at kvinnene har så tung bør at dei knekkjer nakken. Det kan naturlegvis få katastrofale fylgjer.
I skogen var det mange bavianar (utanom oss) Frå toppen var det flott utsyn mot Lake Malawi og langt innover i Mozambique.
Vel heime att i Lilongwe kunne Sven og Anne by på engelsk Cottage Pie og kald øl. Visste de at Carlsberg har ein stor bryggerifilial i Malawi? Eg seier ikkje meir om skilnaden mellom rike europearar og den jamne Malawiar i denne omgangen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar