Kjekt at de sender kommentarar til innlegga! Marie og Brynhild ser eg jo snart, når de kjem saman med Maries. Det gler eg meg til. Skøy at Gunnlaug og er inne og snugles på bloggen. Takk skal du ha!
I fjor måtte eg på pasientjakt etter ein som vart utskriven før planen. Vi hamna i same situasjon no. Dei pasientane vi opererer for beinbrot med margnagle, skal rapporterast i ein eigen database. Det gjer at vi får nye "reservedeler" gratis tilsendt frå donor organisasjon i USA. Han det galdt denne gongen, budde og ein stad der det var fleire landsbyar med same namn. Til all lukke fann Benyas og eg arbeidsgivaren hans i nærleiken av der han budde. Han viste oss vegen. Ein sers overraska pasient tok i mot oss i hytta. De såg vi på såret og sjekka at han meistra krykkegang. Vi fekk med oss røntgenbileta hans til dokumentasjon
Her ville Brynhild ha likt seg ! Heile stova var full av turka tobakksblad.
Benyasi fyller ut helsekortet til pasienten og gjer avtale om oppfølgjing på poliklinikken.
Meir tobakk til turk under mønet!
Nett som heime, er ikkje alle dagar like effektive. Det kan bli trøyttsam venting på Doctor's Office på operasjonsavdelinga innan pasienten er bedøvd.
Eg har alt vore her halve tida av den perioden eg har lovd meg for. Torer ikkje be om meir fri få Voss sjukehus. Satsar på at det kjem nokon etter meg .Vi er godt i gang med å utdanna malawiske kirurgar. I år skal vi opna for tre nye kandidatar- Då vil det bli tilsaman 11 i spesialistutdanning her og 12 i heile Malawi .
Ha det bra! Dette blir siste innlegg før eg får storfint påskebesøk frå Voss/Dalsøyra!
Deiv karen din øverst på bilete sal i små skala? For det er vel ikkje som med heimabrygget på Voss, litt til sals og mest til ein sjølv kanskje? Ikkje veit eg. Men snodig må det vere å bu inne i huset hans.
SvarSlettVåren har byrja kome til Noreg. Og med det stig sevja og temparementet.
Sjukehusstrid og Navrasinne er blitt litt oppjaga diskusjonsgreier.
http://www.youtube.com/watch?v=vA0NMIlBESE
Tykkjer det var bra gjort at ho synte menneskelege trekk.
Det må vere godt å vita at utdanninga av kirurgar har kome så godt i gang. For det trengs, ser det ut til.Trafikk og temparement synes nok der og.
Elles ser eg ikkje katten dekans, berre naboen sin. Ha ei god veke framfor deg.
Påsken er i ferd med å starte for oss vanlege folk.Fuglane syng og gåsungane er gule som den sola me førebels manglar.Snøen minkar i rekordfart.Måtte de ha ein god og fin påske der nede.Det er nok heilt andre takter og tradisjon mtp høgtid og feiring vil eg tru. Ingen appelsin i sola? I kveld skal naboen starte grillsesongen ute.De kjem nok til å bli saknandes og omtala. Det skal i såfall bli med varmande ord der me sikkert sit kledd i udla,stillongs og Goretex og nippar til vårkald raudvin, medan vertane tryllar fram smakfulle rettar frå den store gasgrillen. Då skal me skåle for dekan! God påske !
SvarSlett