Veit ikkje om det er nokon som les dette utanom familie og nære pårørande, men det er godt nok for meg!
Sidan eg var her i fjor, har vel ikkje så mykje skjedd i dagleglivet. Straumen vert kopla ut med jamne mellomrom. Nett no er det bensinkrise att. Staten har ikkje framandvaluta til å betala for importen av drivstoff. Eksportvare nr. 1 er tobakk, og no kranglar dei om prisen. på vara. Bøndene demonstrerer mot dei låge prisane og mykje av tobakken vert ståande useld. Dermed vert det mindre pengar i statskassa og.
I tillegg ser det ut som presidenten vert meir og meir eineveldig. Det er streik blant universitetstilsette, fordi presidenten nektar dei fri talerett. Ein professor i filosofi ved Zomba, vart kalla inntil førhøyr etter at ho førelas om den fredelege revolusjonen i Egypt. Eit slikt emne kunne stimulera til opptøyer i Malawi, vart det sagt. Konflikten er heilt fastlåst. Statsbudsjettet til Malawi er ca 50% dekt av givarland, deriblant Noreg. Givarlanda held no støtte tilbake i protest mot den negative utviklinga i landet.
På vitjing på skulen i Kauma, som fleire av dykk har vore med å støtta. Borna har storefri og står i kø for lunsjmåltid.
Finn ein feil på biletet!
Eg bur i same flotte huset som sist. No er eg sambuar med Marianne, jordmor frå Oslo og Michaela, gynekolog frå Munchen og Justin housekeeper, Maxwell, gartnar og familien hans+ elleve høns og to hanar. Det er berre Maries som manglar. Det er april og regntida er på det meste over. Det går mot haust og vinter, sjølv om temperaturen enno ikkje har kome under 20 grader.
Ho som eig huset, er ei myndig dame. På eitt av baderomma er det lekkasje, og golvflisene flyt oppå eit tynt lag av vatn. "Røyrleggjar" vart tilkalla. Han såg på skaden og diagnosen og behandlinga var raskt klar. Litt silikon langs badekaret vil gjera susen og resten vil turka opp av seg sjølv. Lett å vera handverkar her!
Ha det bra!
PS Ver snill med sjukepleiarar og jordmødre, sjølv om dei får si løn i himmelen!
Kjekt du skriv om korleis du har det:) Snart kjem me!! Eg gler meg veldig:) Brynhild
SvarSlettHei Tor. Slik er det. Enkelte folk i grenda fekk ikkje med seg at du er langt, langt vekke. Men godt eg dumpa innom i di Blogg verd. Ja, eg tar av meg hatten(hua) denne gongen og. Måtte fleire av oss mette og slitne av dage,våge å gjere det du gjer. Du skriv steike godt, så hald fram med orientering.
SvarSlettHer i kveld har eg sett ein av dei x-tal helsedebattane i tv. Denne gongen om Fritt sjukehus val. Mykje kan vere sagt om det, men eg trur på at me skal kunne velje teneste hjå den som syner til gode resultat... Fjernt for deg at slike diskusjonar kan førast.Sett frå ståstaden du er no, tenkjer eg.
Nyhende her er som føljer: Fellesbakeriet er konk. Bygda i sorg., sjokk og vantru. Ka med Kakemennene?
Fina været som skulle kome let vente på seg. Bekken utafor soverommet mitt er som Niagarafallet. Regnet høljar ned. Håpet er billigare straum.
Kattar og ungar ve vere innadørs. GamlaGodle(meg) vil vere ute og leike i sølepyttar.
Maten på kantina er den same. Gjestene like dann, tilsette ikkje.
Me sukkar og stønner og syt.....Og me hadde hatt trong for sol og litt fokus vekk frå vår navle-lo-plukking. Kanskje leite etter lo i andre navlar?
Natt natt frå Groavegen. Eg skal lese alt du skriv framover. Lukke til.