torsdag 28. januar 2010

Det går seg til..

Etter ein famlande start, byrjar vi no å finna oss til rette i vamen her i Lilongwe. Eg vil fortelja litt om arbeide mitt så langt.Eg har kome igang som ortoped på det største sjukehuset i Lilongwe (KCH) Eg er for tida einaste ortoped, så det er nok av spennande tilfelle å ta tak i. Tilstandar vi elles berre har lese om i tjukke medisinske opplagsverk, er nærast dagleg brød her. Det går mykje i infeksjonar, med kronisk osteomyelitt, septisk artritt og mjukdelsabscessar. Trafikkulukker og valdsskader kjem det inn dagleg. Lårhalsbrot vert behandla med strekk, så dei treng eg ikkje bry meg med. Plasterstrekk vert og brukt på femurfrakturar, inntil ein finn eit høveleg tidspunkt for margmagling. Det ortopediske utstyret er svært bra, mykje takka Sven Young frå HUS som har vore her eitt år og bygd opp det ortopediske tilbodet.
Elles ser ein mange sein følger etter frakturar med malunion,pseudartrose og feilstillingar. Det er og ein del opne crusfracturar, som vert greitt behandla med ex-fix.
Ei anna gruppe pasientar er dei med maligne tumores i mjukdelar eller bein. Dei er ofte svært store før dei kjem til behandling. Onkologisk tilbod finst ikkje, så det vert til palliativ amputasjon.
I dag er det stopp på operasjonsavdelinga, for anestesien manglar suxamethonium! Dei veit ikkje heilt når dei får nye forsyningar,.
Her skulle sjukepleiarane frå Voss ha vore på studiebesøk! Det finst 10000 sjukepleiarar i heile Malawi, og her bur kring 14 mill. På overfylte avdelingar er det 1-2 sjukepleiarar. Dei går åleine nattevakt frå kl.1530 til neste morgon. Opererte pasientar går ofte rett attende til avdelinga. Eg går visitt på "alle" ortopediske pasientar kvar onsdag. Hygienen er det så som så med. men dei gjer så godt dei kan med dei ressursane dei har til rådvelde.
Eg reknar med Maries vil oppdatera dykk om hennar erfaringar så langt. Vi er blitt tekne vel imot og har møtt mange kjekke kollegaer. Vi har også lagt oss til ein farleg levestil med restaurantbesøk opptil to gonger dagleg!Jogging er det dårleg med. Då må ein koma igang kl. 06- og så friske har vi ikkje vore enno!

2 kommentarer:

  1. Gleder meg til å følge med på hvordan livet arter seg for dere i Malawi. Lykke til framover - begge to!

    SvarSlett
  2. Hei, Ann-Helen her, moren til Leif-Erik. Spennendeå følge med livet deres her nede. Mai og jeg har nettopp sett DVD fra Maiawi, min kollega Anne-Gro har jobbet som jordmor der, og tatt mange bilder/filmer derfra. Jeg håper jeg kan reise ned, hvis Britt Eide på KK får penger til videre prosjekt. Ha det godt videre. Vi følger med :-)

    SvarSlett