torsdag 11. februar 2010

Godt og gale i Lilongwe


No har me snart vore her ein månad. Skal seie at tida går fort! Maries er snart ferdig med orientation round og kan byrja å jobba for alvor. Ho har alt lært seg litt av det lokale språket Chichewa. Eg held meg til dårleg engelsk. Måten folk snakkar engelsk på her, er litt uvand. Dei seier L i staden for R. Elles har eg lært eit ekte nyord. Verbet flash betyr at den som ringer deg, legg på før du får svart. Han eller ho forventardå at du ringer tilbake. Billeg for dei, og ikkje så dyrt for oss heller. Mobilnettet er ganske godt urbygd. Kontantkort får du kjøpt overalt, på gata og i dei mest bortgøymde landsbyar. Alle har mobiltelefon. Elles er eg litt lei av å måtta gå i minibank støtt og stadig. Det meste ein kan ta ut, er 20000 kkwacha, som tilsvarer 800 kr. Ofte er minibankane tomme også. Trur eg må skaffa meg ein god,gammaldags sjekkonto.maten her er god, sjølv om me ikkje heilt har lagt oss til vanen med Nsima til kvart måltid. Det er stappe av maismjøl.Utover dette , er favoritten maiskolbar hjå folk flest. Dei er no uroa over lite regn og dårlege avlingar. Det er faktisk reell fare for hungersnaud når regntida er over. Det største eksportproduktet frå Malawi er elles tobakk, og det kan ein jo ikkje bruka til føde. Avislesing kan vera ei fornøyeleg tidtrøyte. har nokon gjort noko gale, kjem fullt namn og bilete i avisa. Sjlvmord vert beskrive i detalj. Eit fyrstesideoppslag nyleg var om ein 19 åring som hadde drept ein gut på 15 år. Han hadde kappa av han dei såkalla personlege eignelutaror sal. Dette skulle han få 50000 MK for. Då han leverte det for sal, reagerte folk på den fæle lukta frå posen med "sakene" i. Gjerningsmannen la då på sprang, men vart seinare teken av politiet. I fylgje avisa, trengte han pengane til å liværa familien sin, og skulle kjøpa geiter for pengane.
eg høyrer rykte om at det snart er Vinter-OL i Vancouver. det er me ikkje mykje opptekne av her. Har ikkje fjernsyn, og avisene her er nok meir interesserte i lokale og engelske fotballresultat. Det er heilt greitt. Med temperaturar som heile døgnet er over 20 grader, kan skisport berre ha det så godt!
  

1 kommentar:

  1. Hallo maries en Tor,
    Eindelijk jullie Blog gevonden.
    Met veel interesse heb ik jullie berichtjes (althans van Maries) gelezen. En de foto's zijn prachtig.
    Jullie hebben het warm, hier in Nederland is het nog steeds winter met voor de 3e keer sneeuw. Best wel een strenge winter voor Nederland.
    Maries en Tor: ik wens jullie heel veel succes en een goed en gezond verblijf in Malawi toe.
    Hartelijke groeten
    Margriet Habets
    Jullie foto's zijn erg mooi!!
    Tot een volgende keer en veel groeten van
    margriet Habets

    SvarSlett