fredag 5. februar 2010

Helsing til Voss sjukehus

I dag vil eg gje ein stemningsrapport retta til gode kollegaer og (tidlegare?)medarbeidarar på Voss sjukehus. Å arbeida på KCH er nokså ulikt det en er vand med heime. Det er myyykje fleire pasientar, og mykje færre personale. Intensivavdelinga her har plass til 5-6 pasientar og heile sjukehuset har nærmare 1000 senger. Det gjer at sjølv pasientar som har hatt store operasjonar, ofte må gå rett på post etter prosedyren. På posten er det for det meste dei pårørande som passar på. Ei-to sjukepleiarar har ansvar for bortimot 100 pasientar. Kvar dag kjem det inn mange multitraumer, gjerne trafikkskadde eller valdsutsette. Knivstikk, innslåtte skallar, penumothorax og blødande øsofagusvaricer er dagleg kost. Opne frakturar er heller ikkje sjeldne. Femurfrakturar vert behandla med plasterstrekk inntil dei er grodd eller vi får operert dei med SIGN margnagle. Dette er eit genialt system, som vert gjeve gratis frå USA. Dei vert sett inn i sideleie utan strekkbord eller gjennomlysning. Det fungerer! Sjefen på kirurgisk avdeling er dr,. Muyco-opphaveleg frå Fillipinane og 83 år gammal. Han arbeider fulle dagar på operasjon og har ofte vakter.! Imponerande! De må berre ikkje tru de blir kvitt meg før 2040! Andre kirurgar er frå Kina, Tanzania, Cuba, Russland,USA og Voss. han frå Voss er forresten einaste ortoped i hovudstaden Lilongwe.
Det som til no har gjort sterkast inntrykk på meg er barneavdelinga. Den er overfylt med tildels svært sjuke born. Dei eg har ansvar for har stygge beinbrot eller infeksjonar av alle slag. Det er heller dårlege rutinar for sårskift og pussfylte bandasjar vert ikkje bytta.
Denne veka har mesteparten av operasjonsprogramma vorte avlyst. KCH og heile Malawi gjekk tom for Suxamethonium, slik at dei ikkje kunne gje anestesi. No har det visst ordna seg att..
Elles er det å seia at Malawi er eit fantastisk flott land. Hyggelege menneske og nydeleg natur. No er det regntid, men det er bagatellar mot regntida på Voss. Her finst naturparkar med alle stjernene av ville dyr som Afrika kan by på . Dersom leiinga tillet det, skal eg gjerne stå som teknisk arrangør av sjukehusets blåtur til Malawi.Tissepausen  kan vi ha i bungalowen vår.


1 kommentar:

  1. Lukke til med vidare jobbing.Det de driv med står respekt av! Spennande og interessant å lese! Tøffingar!

    SvarSlett