lørdag 17. april 2010

Festdag i Malawi!

Kjære vener!
I dag er det den store Bingu dagen i Lilongwe og Malawi. President Bingu gifter seg i dag med sin Callista. Dei har 15000 gjester. 5000 av desse får delta innomhus i"State House" der festen er. Ein lækjarstab på 4 skal sjå til at presidenten kjem heilskinna gjennom feiringa.Maries og eg er nok ikkje invitere, men vi hadde ikkje tid heller.. Vi skal nemleg ha volleyballturnering i hagen vår i ettermiddag. Det kjem lag frå Kirkens Nødhjelp og eit lett blanda helselag. Det blir vafler og "Green" attåt.
Legg merke til at Sjukepleiarforbundet her har helsing til Bingu og hans utkåra på dagen.  Kor  er det blitt av Norsk Sjukepleiarforbund? Veit dei ikkje at Presidenten legg merke til slikt?
Vi torer ikkje tenkja på kva bryllaupsfesten kostar, og kven som betalar gildet.

Som eit apropos er det omvøla på barneavdelinga på KCH. Unicef har velviljug sett opp telt på tunet for å hjelpa i byggjeperioden.

Det går vel mot vår og varmare tider i Noreg. Her går det mot vinter. No er det 29 grader i skuggen og sist natt kraup kvikksølvet ned til 19 grader.
God helg!

1 kommentar:

  1. Eg les så auga vert stort og vått. Kronprinsessebrudlaupet i Sverige vert barnemat mot presidenten sitt kalas.
    Og telta på Prestegardsmoen under Extremsportsveko synes meir ruvande enn barneavdelinga der de er. Verda er sprø! Godt det finns menneske som dreg ut og sender attende blogginnlegg.Slik at me kan realitetsorientere oss. Takk!
    Og det er kaldt her i nord.
    Og me føler oss som Askepott alle saman;- for me får'kje bli med på tur.Alle turar forbudt for dei av oss som er nær Oska.(Funder på den og sjå nyhenda)

    SvarSlett