lørdag 24. april 2010

Utviklingsland

Kjære vener

Malawi er eit av dei fattigaste land i verda. Tre firedelar av landets statsbudsjett er finansiert av midlar frå FN og gjevarland. Omlag 60% av arbeidarar tener mindre enn 200 kr. i månaden. Ei vanleg lærarløn er på 500 kr og sjukepleiarar får 1000 kr. Lækjarløner snakkar eg ikkje om, fordi det knapt finst Malawiske lækjarar.
Kanskje ikkje så rart då at operasjonar vert avlyste eller utsette pga. mangel på operasjonstøy. Prosjektet som eg deltek i, kjøpte inn nye frakkar og dekke i fjor. Mykje av dette er forsvunne. Det kjem nemleg ikkje attende frå vaskeriet! Får håpa det kjem til nytte som  fine grøne kjolar og gardiner i hus og hytter.

Eg har tidlegare nemnd at trafikkulukker står for sers mange av skadene vi behandlar. Ein annan årsak er valdsskader. Det vert lagt inn mange thoraxdren, opna mange oppskorne bukar og amputert altfor mange lemar pga dette. Hovudvåpenet er Panga-kniv, ein reidskap som alle har. Den er vanlegvis nytta i landbruk og hage, men har tydlegvis eit omfattande bruksområde.

Maxwell,gartnaren vå. Ein fredeleg mann som viser fram      Panga'en sin.

I går måtte eg lappa saman ein fiskar som vart utsett for ein uvenleg krokodille. Han fiska om natta og kom for nær krokodillen. Han vart sterkt mishandla og miste eine beinet.
Moralen må vera at ein ikkje skal fiska etter mørkets frambrot-hugs det!




Til slutt vil eg takka Gunnlaug og alle andre som skriv kommentarar på bloggen vår!

2 kommentarer:

  1. Ja, kva kommentar kan ein gje til slikt so de oppleve? Nyttar ikkje å klage over manglande vårkjensle og at skydottane heng nedover Graosida, og regndråpar er tunge og kalde som blylodd. Eg og katten held varmen ved å fyra i ovnen. Eg prøver forresten å snakke litt med katten dekans når eg går heim forbi huset dekans om ettermiddagane.Har prøvd å trøyste han med at de snart kjem heim.Men, han treng ikkje psykisk omsorg og er nøgd med undommen han deler hus med, sa han og freste.
    Apropo psykisk helse. Får de verkeleg sove godt om nettene når det finns slike reiskap som Panga knivar i nærleiken?Og krokodillar?
    Det har forresten vore sett fokus på Malawi i enkelte dagsaviser og helsefagblad. Det gjer at ein kjenner endå meir respekt over dykkar innsats! Takk for at de deler det med oss. GM

    SvarSlett
  2. Gode deko!

    Alltid kjekt å lesa bloggen dekans. For ei oppleving deko har. Ver forsiktige. katten sit ofte i soveromsglaset og ser bort på meg når eg kjem heim frå jobb! Trur ho gler seg til dykk kjem heim:)

    ver forsiktige!

    Brynhild

    SvarSlett