søndag 27. juni 2010

Eventyr frå Malawi

Kjære  vener.

Mange av pasientane med lår- eller leggbeinsbrot vert behandla med innsetjing av margnagle. Utstyret vi brukar til dette føremålet er gjeve frå ein organisasjon i USA( sjå SIGN.com)  Medgått utstyr vert erstatta kostnadsfritt av dei. Føresetnaden er at vi rapporterer alle operasjonane på ein sams database, supplert med røntgenbilete før og etter operasjonen. Vi har no operert 100 pasientar sidann oppstart i oktober 2008.
For ei veke sidan opererte eg ein 12 år gammal gut med SIGN utstyr. Han hadde falle stygt i landsbyen han kom ifrå og braut lårbeinet. Han vart behandla i plasterstrekk i to veker før vi fann plass på operasjonsprogrammet.Fire dagar etter operasjonen skulle eg helsa innom og avfotografera røntgenbileta for databasen. Det viste seg at han var reist frå sjukehuset same morgon.Postadresse og telefonnr. fanst ikkje, men vi visste namnet på landsbyen han kom frå.
På vegen kom vi forbi ein skule der born stod i kø for meslingevaksinasjon. Det er ein epidemi av meslingar i Malawi no.


 
Dermed drog Clinical Officer Chawinga og eg på leiting etter den forsvunne pasienten på laurdag. Det viste seg å vera bortimot umogeleg å finna han. Det var tre landsbyar med same namnet, og dei låg langt frå kvarandre. Då vi var i den siste, fekk vi napp. Dei kjende guten, men kunne fortelja at han stadig var i Lilongwe, der vi og sjukehuset held til!
Vi oppspora han til slutt hjå slektningar i ei hytte i utkanten av byen. Ha og mora vart sers overraska over å sjå oss. Guten spaserte fint omkring på krykker. Chawinga vaska og bytte på såret hans, og vi gjorde avtalar om oppfølgjing på poliklinikken.

Her er Silulani på krykkene.                                   Chawinga skifter på såret



 


Eg fekk hand om dei dyrebare røntgenbileta.
Snipp,snapp, snute, så var eventyret ute. Både Chawinga og eg var samde om at vi hadde hatt ein fin tur til dalstroka innanfor.

1 kommentar:

  1. Utadretta jobbing er vel dette her. Utruleg gripande historie tykkjer eg. Og smila til pas og hjelparar, seier vel alt. Det må vere ei god løn å få.....

    SvarSlett