Medan de nyt sommarvarmen, går det her mot den kaldaste årstida. Vi har måtta ta fram fleece gensarar og langbukse for å halda ut.Til all lukke sender Malawi TV alle kampane frå Sør-Afrika, når ikkje det er live sending av talane til President Professor (æresprofessor i Shanghai, der han vitja verdsutstillinga nyleg) Dr. Bingu wa Mutharika.Enno ikkje så mykje å varma seg på derifrå. (Sør-Afrika, altså)Lurer på om ein lyt halda med Serbia eller kanskje Nord-Korea? når England og andre stormakter sviktar.
Dyreriket er mangfaldig i huset og hagen vår. Siste gjest var ein slange, som vaktene kverka med langkosten. Då vi såg etter i slangeboka, viste det seg å vera ein ufarleg "Common House Snake" eller Vanleg Hageslange. Det stod og at han levde av rotter og firfisler. Synd han måtte bøta med livet.
De må elles ikkje tru at vi berre latar oss og dreg på spennande turar. Innimellom er vi også på jobb. Desverre har vi ikkje fått auka kapasiteten på operasjonsavdelinga slik vi hadde vona. Gynekologi og fødepasientar har flytta over til eit heilt nytt og flott sjukehus på same området. Dei tok med seg ein del personale som ikkje er erstatta. Det har ført til at vi no berre får operert halvdelen av det vi gjorde før.Direktøren har fått beskjed, så vi ventar i spenning. Litt får vi likevel gjort. Biletet under syner gode medarbeidarar som monterer ekstern fiksasjon på ein trafikkskadd med ope leggbeinsbrot.
Gode dekan.
SvarSlettHer nyttar det ikkje å kome med sensasjonelle meldingar. Som om at Voss sjukehus har hatt sin årlege blåtur t.d.( Me enda opp i Myrkdalen. Kjekk tur var det.) Og at Voss Cup no er i gang. Og at Kappleiken avløyser den folkeaktiviteten. For så å bli avløyst av Extremistane.
Kan ikkje heva heimlege hendingar over noko som de opplever;-t.d SLANGAR I HAGEN OG MANGLANDE FAGFOLK.
Men, det er førebels stille og roleg i bygda. Ingen alvorlege trafikkskadde hittil, og ingen hoggormar frå Hangurslia har kome ned til Ullestad. Katten ser eg ikkje, han dormar nok i skuggen frå sola, vonar eg.
Kanhende kan kronprinsessebrudlaupet i Sverige minne litt om festen til statssjefen i landet de bur i? Me har hatt non-stop tv sendingar i dag. Det var no litt å skryte om vel, sjøl om det er i nabolandet det føregår?
Gode ynskjer frå G