mandag 5. april 2010

Påskeferie i Malawi



Kjære skodarar!
Dei feirar påske i Malawi og. Ikkje uventa er dei nok meir religiøse enn gjennomsnittet i Noreg. Mange har fri frå Langfredag t.o.m. 2.Påskedag. Dei færraste har likevel råd og høve til å dra på påskeferie. Vi var så heldige å få Mai, Tom og Lise på vitjing. Mai har vore med ein dag på KCH og sett kva arbeidet går ut på der. Alle var med Justin (vår Housekeeper) på ein skule med fleire hundre born som vert finasiert gjennom gåver frå innsamling i Noreg. Medbrakte skrive-og teiknesaker og T-skjorter var kjærkomne tilskot. Vi har hatt fri påskedagane og vore på rundtur i Malawi. Eit utruleg spennande land å reisa i. Vi har hatt dykkarkurs i Lake Malawi, vore på safari og vitja dei høgste fjella i Malawi (3000 m.) No er borna på veg heimatt, og vi sit to-eina i hagen i Lilongwe og planlegg kvardagen att. veret er fint og varmt. Regntida er på hell, sjølv om vi ikkje synes det har regna så mykje den tida vi har vore her.
Vi håpar de alle har hatt ei fin påske i Noreg og Nederland.

3 kommentarer:

  1. Hei Tor og Maries
    Veldig kjekt å fylgja med dykk på opphaldet i malawi. Nesten ikkje til å tru at me befinn oss på samme klode, når ein les om jobb-kvardagen dykkar.
    Sjølv har eg feira store delar av påsken på røntgenavdelinga (ja, eg har blese støv av radiografen i meg, og begynt på røntgen igjen), og det er ikkje tvil om at pasientmassen er noko ulik dersom ein samanliknar. Her hjå oss er det no skiskadane frå Myrkdalen som dominerar..(kan ikkje nokon snart læra desse austevollingane å gå på ski?)

    Ellers vil eg tru det var stort å få ungane på besøk, snakka med lise rett før ho fòr, og ho var eit einaste stort smil då ho fortalte at dei skulle nedover.

    Ha det godt og stå på vidare! De er so flinke at!

    Helsing frå ho Inger i haugamoen. Oalv helsar òg.

    SvarSlett
  2. Hei sjef,
    sitter her på kontoret på en særdeles rolig helgevakt. Har akkurat vært inne på bloggen deres for første gang etter at vi fikk mail med link. Utrolig artig lesing med mange flotte bilder - et par nederlandske ord som jeg ikke skjønner men...
    Snø på Voss i dag. Kom over fjellet med Kim etter gastrokurs i Tønsberg. Utrolig masse praksis på grisetarm med mange gode tips. Bra kurs! Også en nydelig kjøretur over "vidda" i superfint vær.
    Vet ikke hvor oppdatert du er om sjukehuset, men vi er akkurat inne i en interessant tid der vi skriver journalnotat i "nødjournal" mens doculive konverteres til DIPS. Du går glipp alt "kaoset". For tiden ligger ca 8-10 medisinske pas på kir avd. Fellesposten bygges om. Dagkir pas overvåkes på cystorommet i poliklinikken... og sjukehuset males rosa!
    Vi trives uansett på kir avd - ler masse som alltid!
    Ha det riktig fint videre i permisjonen - tenker det blir mange gode historier på morgenmøtene framover - vi kan jo blokkere undervisningen et par år framover... til fordel for Malawi-bilder.

    Christer

    SvarSlett
  3. Hoi,

    Ja sorry. Het kommentaar staat bij de inleg hierboven. Is iets verkeerd gegaan, maar je ziet het wel.

    Groetjes,
    Nana

    SvarSlett