Gode vener!
Som de veit har vi kome over i mai månad. Sidan 1.mai var på ein laurdag, fekk arbeidsfolk i Malawi ein ekstra fridag som vert lagt til fyrste måndagen etter. Det passa oss fint. Vi var 4 norske + Maries som drog på utvida helgetur til Ntchisi. Det er eit regnskogområde som ligg på ca.1500m.o.h. Litt høgdetrening er alltid bra. Der budde vi på ei flott "fjellstova". Nydeleg mat laga av det dansk-engelske vertskapet, fantastisk turområde og spennande utflukt med klok kone som brukte urter til å lækja det meste. Ho viste oss m.a. kjærleiksrøter og blad som kunne få beinbrot til å tilhela på ei veke. De kan gle dykk til vi kjem heim!
Denne greina kan du knyta rundt staden der du har beinbrot. Ikkje noko gips eller skruar er naudsynleg. Alt grodd etter ei veke!
No er vi tilbake i kvardagen att. I dag kan eg skriva på bloggen i beste arbeidstida. Mangel på vatn til operasjonsavdelinga, gjer meg arbeidslaus. Dei lovar betring til i morgon.Det hopar seg opp med pasientar som ventar på kirurgi. Kanskje vi må senda dei til Ntchisi i staden?
torsdag 6. mai 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Mange gode tips til ortopedane her also....me har mykje bra i busker og greiner her på berget òg.
SvarSlettEllers so er me no mest opptatt av veret her oppe for tida. Slik er det når ein vaknar til store dalande snjoflak i mai. Og då snakkar me ikkje om høgfjellet, MEN I SJØLVASTE HAUGAMOEN. Endå eit stykke fram til champagne og jordbær.
Godt då å få inn litt av den store vide verda via bloggen dykkar.
Stå på vidare!
ho Inger
Tenk hvis vi kunne dele ut reflekser der nede. Skal vi samle inn det og, i tillegg til luene til de nyfødte??
SvarSlettDet hender en tanke streifer i forhold til ansvarlighet, og pengegaver. Bryllup og luksus. Det er lettere å bruke andres penger enn sine egne. Hvis jeg skal tenke antall mennesker som trenger hjelp, minker motet. Likevel, verden vil alltid kunne oppleves annerledes for dem som velger å tjene den... og for den ene som reddes, vil det alltid gjøre en forskjell. Hilsen fra Ann-Helen:-)