Hei
I dag er det offisiell helgedag i Malawi. Dei minnest fødselsdagen til den første presidenten i landet; Hastings Kamuzu Banda. Mange lengtar tibake til den tida då han var president, for då var det orden og disiplin. Utlendingar vart stoppa på grensa om dei hadde langt hår eller rufsete bunad. Politiske motstandarar vart fengsla i hopetal og mange måtte flykta landet. Ha har likevel ei høg stjerne blant "folk flest" fordi det var "fred og stabilitet".Han var president frå 1961 til 1994.
Som ein ser frå eit av dei mange avislysingane, er det mange som vil hylla landsfaderen i dag, deriblant dagens president Bingu som er limt inn i biletet av den avdøde presidenten.
Maries og eg nytta fridagen til ein fjelltur. Vi drog til Nkhoma, sør for Lilongwe. Gjekk ein flott tur til Nkhoma Mountain. Derifrå er det storslått utsyn mot Lake Malawi og Mocambique.Toppen ligg på 1784 moh.Undervegs vart vi forbigått av tre spreke ungdomar. Som de ser var den eine verkeleg kledd i finstasen i høve Kamuzudagen
Ha ei retteleg fin 17-mai feiring. Bruk bunaden i låglandet!
fredag 14. mai 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar