fredag 7. mai 2010

Malaria

Før vi drog i utferd til Malawi, utstyrte vi oss med rikelege mengder myggmiddel og medisinar. Vi har samvitsfullt ete ein tabl. kvar dag og sove under myggnetting.  I går kjende eg meg ugod etter lunsj. Frostig, kvalm og hovudverk. I dag tidleg føreslo Maries at eg fekk testa for malaria. Karl Petter på lab'en laga blodutstryk.  Der fann ein  parasitten Plasmodium falciparum, som er den mest vanlege malariavarianten her.
No har eg starta på hestekur og reknar med å koma meg i løpet av helga.



Då er det kanskje like greitt at det ikkje er reine operasjonsfrakkar eller dekning. Hittil berre ein operasjon, og kanskje eg rekk ein til om tøyet vert klart.                                                                                   

 Pasienten hadde open fraktur i leggen etter fall frå sykkel. EX-FI-RE kjem til god nytte.           

De får ha god helg Pass på når myggen vaknar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar