Som de vel har forstått, har vi ein heller stor hage. Gartnaren Maxwell steller godt om han. Maries vil gjerne bidra til den lokale matvareforsyninga, og fekk den gode ide å starta med høns. Housekeeper Justin skaffa to fine høner og ein sprelsk hane, så no er vi i gong. Vakna kl. 6 i dag til hanegal. Hanen ser kåt ut, så vi ventar spent på komande avkom.
Maries var og henta spon hjå ein likkistefabrikant i Coffin Street her i Lilongwe i går. Slik skal hønene få ligga på finaste (lik)strå. Kistesnikkaren viste fram varene sine. Ei De luxe likkiste kosta 35000 Kwacha og folkevarianten 10000 Kwacha (100 MK = 4 NKR)
Dei som ynskjer egg eller kjuklingar, kan senda bestilling på mail til oss. Good price for you, men flyfrakt kjem i tillegg. Likkister kan vi diverre ikkje levera.
Høns i hagen er hyggelig. Uansett hvor i verden det er. Maria og jeg savner hønene og ferske egg fra Fløksand. Håper hønseholdet kan fortsette. Vi ønsker å dra ned, men hører at Ullevoll står for tur. Uansett er søknad levert. Hilsen fra Ann-Helen
SvarSlett