søndag 9. mai 2010

Frittgåande høns

Gode vener!
Som de vel har forstått, har vi ein heller stor hage. Gartnaren Maxwell steller godt om han. Maries vil gjerne bidra til den lokale matvareforsyninga, og fekk den gode ide å starta med høns. Housekeeper Justin skaffa to fine høner og ein sprelsk hane, så no er vi i gong. Vakna kl. 6 i dag til hanegal. Hanen ser kåt ut, så vi ventar spent på komande avkom.

Maries var  og henta spon hjå ein likkistefabrikant i Coffin Street her i Lilongwe i går. Slik skal hønene få ligga på finaste (lik)strå. Kistesnikkaren viste fram varene sine. Ei De luxe likkiste kosta 35000 Kwacha og folkevarianten 10000 Kwacha (100 MK = 4 NKR)

Dei som ynskjer egg eller kjuklingar, kan senda bestilling på mail til oss. Good price for you, men flyfrakt kjem i tillegg. Likkister kan vi diverre ikkje levera.

1 kommentar:

  1. Høns i hagen er hyggelig. Uansett hvor i verden det er. Maria og jeg savner hønene og ferske egg fra Fløksand. Håper hønseholdet kan fortsette. Vi ønsker å dra ned, men hører at Ullevoll står for tur. Uansett er søknad levert. Hilsen fra Ann-Helen

    SvarSlett