Hei
Malawi har mykje å by på for den reisekåte. Her finst fleire naturparkar med gode høve til å sjå ville dyr. Lake Malawi er den tredje største innsjøen i Afrika med ypparlege tilhøve for late dagar på stranda. Det høgaste fjellet i det sørlege Afrika finst også i Malawi. Sist helg drog Maries og eg med vener til dette fjellområdet-Mulanje. Det var eventyrleg flott. Fjellplatået ligg på ca. 2000m, og høgaste nuten er Sapitwa på 3002m. Det er eit system av enkle hytter, slik at ein kan gå i fleire dagar og overnatta på desse. Dei er enle og ein må ha med all proviant sjølv. Alle nyttar derfor berarar, som kostar 50 kr. dagen. Det er verdt kvar krone(Kwacha) Vi gjekk dagsetappar på opptil 11 timar! Vandra tildels i måneskin.
På Mulanjeplatået finst ein unik tresort som nesten er utrydda- Mulanje Cedar. Dei prøver no å ta vare på dei få trea som er att, men ulovleg hogst gjer dette vanskeleg.
På heimvegen stoppa vi langs vegen der ein kunne få kjøpt mus på staur. Dette var visstnok ein delikatesse. Dei grov mysene opp frå jorda. Eit kort oppkok , så kunne du eta dei med hud og hår. Vi var nok litt for feige til å smaka på dei...
Håpar de får nyta ein fin sommar på heimebøen. Lat katten ta seg av mysene!
lørdag 29. mai 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar